Lukkelege troll

Fire gode vener på Capello. Siste laurdagskveld i Bergen. Tapeta er rund og oransje.

Kirsebærmilkshake. Tett fulgt av ristretto. Ei hårføne heng over bordet.

Det er då dei merkelege tinga tek til å skje.

Eg oppdagar ei lykketrollku på ei hylle.

Så kjem capello - dama opp til oss. Med fire tallerkenar. Med sjokoladekake og is. Det er ingen andre enn oss i overetasjen. Me har bestilt ingenting. Ho set maten på bordet. Smiler. Spør om me har plass til litt meir i magen. Går.

Eg må ned ein tur. Brått har eg ei bolle med popcorn i hendene på veg opp.

Me er lukkelege spørjeteikn. Ei glad kjensle i magen.

Kommentarer