Dråpesmitte

Kan eg få røra ved den kvite flekken i hjernen din?,

Den som får deg til å falla innover fordi du innser at du er ein sjukdom mellom alle dei som stadig meistrar kunsten å leva på overflata. Du bør isolera deg for å unngå smittefare, om folket visste betre, var det forbod mot å spreia slike som deg.

Her! Du kan få ta på lengta mi med leppene dine, plassera dei famlande orda mine i munnen din og fundera på om det er slik det heng saman,

Og eg vil svara deg med det same spørjeteiknet du spurte med, for eg som har stengt meg inne på ein trygg institusjon, eg har like fullt smitten i meg:

Ei vassdrope som eksploderer i lufta, som fer opp att til skya ho kom frå, for så å falla ein gong til, gå i oppløysing og aldri nå botnen.

Men her er noko du kan skjøna:

Eg er nær deg!

Lat oss starta her, for av ingenting vert alt, og lat oss koma attende hit, for
I viruset vårt kviler universet.

Kommentarer

Preben sa…
Eg har lyst å seie noko smart.
Eg kjem berre på: vakkert!

Det er i grunn ikkje så verst.
Fru K sa…
Takk, Preben!

Eg trur bloggen min er inne i ei identitetskrise, difor er det litt stille her for tida...
Veldig fint skrevet. Eller jeg vet ikke om fint er ordet. Godt er kanskje bedre. Jeg likte det. Veldig. Håper du fortsetter å ned poesi når den lander i hodet eller kanskje hjertet ditt.