Den retoriske stilla
Det følgjande er ei personleg bearbeiding av det eg fekk med meg under seminaret ”Rhetoric, Gender and the
Un/Spoken.” av Cheryl Glenn, den 11/10.
Omgrepet ”retorikk” vert av ordboka definert som ”1. (lære om) talekunst, ordhegd 2. frasemakeri.” Etter denne definisjonen skulle ein tru at ein retorikkforskar sysla med ord i diverse kombinasjonar. Men då eg var på seminar og høyrde på Cheryl Glenn frå The Pennsylvania State University, vart eg presentert for ei anna vinkling: ”The Rhetoric of Silence”. Glenn snakka om det som for poetar er innlysande: Stilla er meiningsberande.
Historier i det stille
Kvinner er usynlege i retorikkens historie. Dette poenget fekk Glenn til å gå inn for å omskriva historia. Då ho tok fatt på arbeidet, fann ho fort ut at der er nok av folk som har sine fastlåste oppfatningar om kven som er å rekna som store retorikarar. Når Glenn viste til kvinner som hadde tala slik at dei i følgje vanlege definisjonar trygt skulle kunna ha smykka seg med tittelen retorikar, fekk ho vita at kvinnene likevel ikkje oppfylte til krava. Dronning Elisabeth I vart til dømes avfeid som retorikar av den meir eller mindre relevante grunn at ho var ei dronning. Ei anna kvinne var ingen retorikar fordi ho berre hadde tala ved eitt einskild høve. Desse argumenta er ikkje nok til å ta tittelen frå ein mann, men for ei kvinne er dei visstnok avgjerande. Glenn sette seg dermed føre å lytta til kvinnene sine ”long silenced voices”.
Kvinner er ikkje den einaste gruppa av ”andre” (grupper av menneske som ikkje er ein del av gruppa som har makt) som har fått røystene sine viska ut. Det å få nokon til å vera stille, har opp gjennom historia vist seg som eit effektivt retorisk middel.
Sterk og taus
Ei stille i ein samtale kan kommunisera at ein er underlegen, eller at ein er for dum eller redd til å tala. Men det å vera stille, kan også demonstrera styrke. Glenn viste mellom anna til ein kvinneleg martyr. Denne kvinna nekta å seia det makthavarane ville ha utav ho. Slik mista ho livet, men ho hadde likevel vunne kampen om den ettertrakta informasjonen.
For den som sjølv kan velja å vera stille, kan det utgjera eit svært taktisk val. Å ignorera nokon, er ein effektiv måte å nytta stilla på dersom ein har som mål å gjera den andre ukomfortabel, eller om ein vil demonstrera at ein er den andre overlegen. Eit ”hei” som ikkje blir svara på, har gjerne kraftig innverknad på ein relasjon. Eit initiativ som ikkje får nokon respons, blir sjeldan gjennomført.
Med rett til å teia
I USA har den som vert arrestert, ei rett til å teia. Innbakt i denne velkjende filmfrasa ligg også ei åtvaring om at det ein seier kan bli brukt imot ein. Men det er nok ikkje berre dei som er mistenkte for kriminelle handlingar som har ein slik trugsel hengande over seg. Andre grupper kan òg ha ei kjensle av at det er mest strategisk av dei å la vera å seia noko. Til dømes kan det vera lurast å teia dersom det ein har på hjartet kan øydelegga karrieren. Dei som sit med makta, lærer andre kva ytringar som ikkje vert aksepterte. ”Being silenced feels like being disciplined", sa Glenn.
Å overtala eller å forstå?
Stilla har meining, men meininga kan vera så mangt. Stilla kan nyttast til å plassera ein samtalepartnar under ein sjølv i hierarkiet, eller ein kan nytta stilla til å overtala nokon til å legga bort eit samtale-emne. Men stilla kan også nyttast for å nå heilt andre mål enn dei som er uttrykk for dominans. I ei samtale der partane er ute etter å forstå kvarandre, kan stilla kommunisera respekt, og ho kan gjeva alle dei involverte rom til å både lytta og ytra seg. Dessutan kan stilla gjeva ein tid til å tenkja seg om.
Er det den retoriske taparen som teier? Ein slik definisjon gjev meining dersom målet er å få snakka mest og best mogleg om sitt eige synspunkt. Men dersom målet er å koma til ei felles forståing, er ikkje stilla lenger ein indikasjon på at den som teier ikkje veit å nytta retoriske middel.
Stilla er for meiningsfull til å bli ignorert og nedvurdert av retorikarar. Eg vel å avslutta teksten min brått og brutalt med ei stor stille. Ho er her transkribert ved hjelp av stjerner:

***************
Kommentarer