Helgenatt
Dei gule
stengene på trikken, dei ein held seg fast i om ein må stå, eller om det
krengar når ein har reist seg for å gå til utgangen, dei skiftar farge i
nattelyset.
Det er laurdagskveldens magi, kjenslene blir vrengde frå utside til innside så ein kan sjå at alle som er venar er dobbelt så glade i kvarandre som det såg ut til i dagslyset, og alle som er kjærastar viser omverda det nakne begjæret sitt, den nakne omsorga, kor mjuke leppene deira er når dei møtast. Den som sit på trikken og betraktar refleksjonen i ei mørk vindaugsrute, smiler, for menneska er så gode mot kvarandre, så inderleg intersserte.
Trikken har passert mannen i ein dam av oransje lyktestolpelys, han blir eit glimt på lik linje med jenta som sjanglar på høge hælar, sjanglar så bestemt ho kan, for å visa guten sin at ho nett i kveld ikkje let han seia til ho at du er jenta mi, for ho såg blikka han sende mot feil ende av bordet,
Ei kvinne
lener seg på skuldra til ein mann, ein kan sjå dei i trikkevindauga om ein held
seg for god for å sjå direkte på dei, ho kviskrar
og ler og stryk han over kinnet før ho let handa si kvila på låret hans.
Det er laurdagskveldens magi, kjenslene blir vrengde frå utside til innside så ein kan sjå at alle som er venar er dobbelt så glade i kvarandre som det såg ut til i dagslyset, og alle som er kjærastar viser omverda det nakne begjæret sitt, den nakne omsorga, kor mjuke leppene deira er når dei møtast. Den som sit på trikken og betraktar refleksjonen i ei mørk vindaugsrute, smiler, for menneska er så gode mot kvarandre, så inderleg intersserte.
Vindaugsruta løyser seg opp, blikket blir eitt med utanomverda,
På fortauet
går ein med lepper som mumlar ”nei, nei”, med auge som borar seg inn i hans
eiga sjel, pupillane drikk mørker, beina går fastare og fortare enn det som er
naturleg, for han strever med å skjula vaklinga si for dei han nett har
forlate, dei som framleis sit på puben med fulle glas, dei som ikkje høyrde kva
det var han eigentleg sa, dei berre lo, for det var jo latteren dei var komne
for, dei gjekk ut for å finna fridomen, og då han hoppa uti det frigjerande
gylne havet saman med dei, fann han at fangenskap var betre, for den frie væska gjorde dei tome molekyla til boblar i hjarteblodet,
nei, nei, han treng kvardagslekkjene sine, asfalten er vegen heim til senga,
heim til svevnen,
Trikken har passert mannen i ein dam av oransje lyktestolpelys, han blir eit glimt på lik linje med jenta som sjanglar på høge hælar, sjanglar så bestemt ho kan, for å visa guten sin at ho nett i kveld ikkje let han seia til ho at du er jenta mi, for ho såg blikka han sende mot feil ende av bordet,
Ho
går forbi mannen med pappkoppen som sjølv meiner at han har sett andlet fortrenga
alle kjensler eit menneske kan forsøka å skjula,
Ei kvinne
og ein mann stoppar og legg myntar i koppen og håpar at i natt kjem kanskje
barnet til dei, kvinna klyp mannen i armen, han legg handa på den runde
rumpa hennar,
Trikkepassasjeren
trekk til seg blikket, let det kvila på dei gule stolpene, rammene, reisverket, no lyser det
raudt over døra, ein reiser seg, trykkar på døropnarknappen, går ut
idet andre går inn, går heim, går ut av helgenatta, inn i draumane der ein
prøver å få det heile til å henga saman.
Kommentarer