Tenk før du trykker
På leiarplass denne veka skriv
Morgenbladet om nedgangen i talet på journalistar. "Siden 2008
har Norsk Journalistlag mistet 500 medlemmer, og de regner med
ytterligere frafall i år. Ikke så rart all den tid landets største
mediehus lanserte kuttplaner for over én milliard i fjor."
Dette kan ein skulda dei "strukturelle endringene i
mediebransjen" for. Det er førebels vanskeleg å tena pengar på nyhende
på nett.
Samstundes har talet på pr-arbeidarar
vekse, meldar Morgenbladet. Då eg har ein mastergrad med ein god del retorikk i seg, kan eg skriva under på at det nok ikkje er dumt å tilsetja folk med
fagkunne om kommunikasjon til å kommunisera. Å kommunisera
bodskapen sin på ein tydeleg og effektiv måte er ikkje lett i den
jungelen som informasjonssamfunnet vårt er blitt.
Men det er farleg dersom pr-bransjen ikkje møter motbør hjå skarpe
journalistar. Ein kommunikasjonsdirektør vil visa fram dei tinga som får biletet av bedriften til å sjå bra ut,
medan han vil skjula andre sider av saka. Journalisten på si side, skal grava
fram det kommunikasjonsarbeidaren ønskjer å skjula. Ein stor
pr-bransje krev ein dyktig journaliststand som kan gjera bileta av røynda så komplette om mogleg.
Her speler mediebrukarane ei viktig rolle, for på nettet er journalistikken ei vare. Vara blir betalt med klikk. Klikka våre generer "big
data" som er gull verdt for dei som skal lokka til seg
annonsørar. Dei journalistiske ressursane følgjer klikka våre. Og
difor bør me tenkja før me trykker. Kva slags saker
vil me at avisene skal bruka ressursane sine på?
Der er fleire triks som generer klikk.
Det er ikkje vanskeleg å skriva overskrifter som speler på sterke
kjensler som vinn over den kritiske tanken. Eit triks
er frykt. Kor mange gonger treng me bli opplyste om at flotten er farleg?
Kor mange artiklar må me lesa om at det er lurt å driva med litt
fysisk aktivitet for å unngå å bli sjuk? Og så er dei evinnelege
livsstilsartiklane som lokkar oss med håpet om eit optimalt liv. Slik journalistikk ser ikkje kritisk på
samfunnstilhøva. I staden fortel tekstane individet korleis det best kan
agera innanfor dei rammene som ligg der allereie. Korleis meiner ekspertane at eg skal bruka pengane mine? Dei tipsar oss venleg om korleis me kan vera perfekte forbrukarar og tilfredse individ. Men kor mange snarvegar
til orgasme treng me eigentleg, og kor bra kan kvardagssexen bli av avislesing?
Om journalistane
skal ha noko å leva av, så må dei skriva om det som folk les. Det du klikkar deg inn på, kjem det til å bli meir av. Det er
enklare å nytta forbrukarmakta si som informasjonsbrukar enn det er
i mange andre samanhengar. På nettet ser du kva du får, du ser kven som skriv og
kva dei skriv om. Ver god å ikkje bidra til at pressen blir dummare
enn han allereie er! Eg har full forståing for at ein av og til vil
kopla av, at ein vil ha noko som er lett og underhaldande, men ikkje
la det bli dei seriøse medieaktørane si oppgåve å metta behovet
for friksjonslaus informasjon.
(Om du
fekk litt dårleg medvit no, vil eg foreslå følgjande botsøving:
Teikn eit abonnement på ei kvalitetsavis i dag!)
Kommentarer