Rekneskapen


Dagens Næringsliv hostar opp NTB-melding:

"Sosialistisk Venstreparti foreslo denne uken Norge bør ta imot 5.000 syriske flyktninger – fem ganger flere enn tidligere vedtatt.

Justisdepartementet sa fredag til NTB at dette ikke var aktuell politikk, men åpnet for at kvoten kunne justeres opp om det kom færre asylsøkere.

– Regjeringen vil vurdere å øke antallet overføringsflyktninger når asyltilstrømmingen til Norge avtar, sa politisk rådgiver André Kolve (Frp) i Justisdepartementet."


Frk. K tek seg tolkingsfridom:

Kjære asylsøkar,

Me takkar for søknaden. Du kan heilt sikkert bli ein ressurs her i Noreg, om du berre klarer å halda fingrane unna NAV-pengebingen vår.

Men me vil gjerne at du skal tenka deg om éin gong til medan du ser på bilete av syriske flyktningar som har det vondt.

Me nordmenn kjempar konstant for fred og menneskerettar, og me vil veldig gjerne hjelpa desse flyktningane. Men om du søker asyl, får me plass til ein syrar mindre. Er det verkeleg naudsynt å søka asyl hjå oss nett no? Har du det eigentleg så ille der du kom frå?

Du kan få lov til å trekka søknaden attende om du kjem fram til at det er det mest humanitære av deg.

Mvh.
Fredsnasjonen Noreg

Kommentarer

Anonym sa…
Stå på frøken K!
Send gjerne dette til UDI og andre som trenger det.