Frk. K om sex
Sidan sex er i vinden for tida, tenkte frk. K at ho kunne gjera seg dagsaktuell, feministisk og nyanserande med ei novelle frå arkivet. Teksten blei publisert under pseudonym i 2013 i studenttidsskriftet "Speilvendt". Grunnen til at frk. K ikkje stod fram med fullt namn, var at ho på den tida var lærar og tenkte det var best at elevane ikkje googla seg fram til eit såpass frivolt bilde av frøkna.
EIT KNULL
av frk. K
EIT KNULL
av frk. K
Eg har nasen i den mjuke, rutete
skjorta hans. Varmen frå kroppen under skjorta kryp inn i kroppen
min,
temperaturen stig og stig og det vert
så varmt at cellene tek til å dansa i meg. Han stryk meg over
hofta. Blodet og pusten tek til å vera
meg meir enn tankane er meg, og handa mi finn vegen ned i
buksa hans, grip kulene og leiker med
dei, kjenner korleis tung væske straumar til på innsida,
kjenner korleis det stig i han, pusten
hans i nakken min, lepper og tunge og tenner som kolliderer
med eit klakk,
og huda mi held ikkje ut under kleda,
huda treng å møta likesinna hud, handa finn glidelåsen,
handa vert sint på den tronge jeansen
som er så treig, genseren er på veg oppover, den andre buksa
er også på veg nedovernedover, beina
er lamma no fordi buksa er på knea,
sånn! Fri!
No er me så klønete, og kvifor tok eg
meg eigentleg bryet med å ha på meg svarte blonder, kvifor
skulle han lika svarte blonder, det er
vel jenter som er glade i blonder, er det ikkje, dessutan er
blondene berre med oss ein kort
augneblink og ingen ser på dei medan han gnir handa mot det
silkemjuke stoffet som blir vått av
silkeglatt væske,
ingen får med seg alt som skjer, for
no er der ingen tankar, det er berre eit brus i hovudet, det er
blodet som snakkar,
kroppen vaknar som kropp,
brystvortene er harde og han har munnen
over dei, lyd over leppene mine, det harde som pressar
mot låret, beina mine skil seg frå
kvarandre, kom no inn då! Men han ventar, ventar, ventar, vil ha
det så vått som smelta snø, så legg
han seg ned, nede ligg han, opp stig han, eg stig ned til han,
over han, midt mellom oss heng me
saman, rytmen er min, rytmen er sakte med mjuke taktslag,
men ein kan ikkje bli verande her, for
kroppen har eit anna mål enn dette, kroppen skal vidare, han
legg meg ned, eg er open for alt som
vil inn, inn kjem han, denne gongen styrer han rytmen, ein
rytme med mykje vekt på kvart
taktslag, hoftene hans, inn, inn, inn, ein lyd frå munnen min som
ingen veit kva tyder,
og det er no tankane vaknar, som om dei
var blitt slått i svime, men gradvis tek til å opna auga, eg
ser opp i taket, eg ser oss frå taket,
korleis kan ein kalla dette for å
elska, det berre to kroppar som er nære kvarandre og som no jobbar
så hardt dei kan for å nå punktet
der einskapen går i oppløysing, dei bruker kvarandre berre for å
kunna gjeva slepp,
dette er berre biologi, kjemi, fysikk,
no kan ein forklara oss med realfagslære, ein reduksjon av det
menneskelege,
men reduksjonen har sett oss fri! Rekk
eg å tenkja før tankane druknar i eit flaumande stønn,
[.!.]
eg ler, no snur han kroppen min over på
sida, han finn ikkje vegen attende med det fyrste,
straumen vert stogga,
no vil eg berre at det skal vera
ferdig,
kroppen er i ferd med å mista
herredømet, lydane i rommet fortel at det snart er over, no kjem det
væske inn i meg, no stønnar han, no
ligg han der med auga attlatne. Han smiler. Sæden renn ut av
meg idet eg reiser meg, lufta er kald,
kvifor ligg kleda kasta kring meg, kvifor ligg ein mann
naken, kvifor er eg naken, kvifor driv
me med slikt.
Eg legg meg ned att etter å ha tørka
meg med snytepapir mellom beina. Eg pakkar meg inn i dyna,
og eg lurer på kva omgrep eg bør
eller vil setja på det me har gjort. Har me elska, knulla eller hatt
sex? Språket var ikkje der då det
skjedde. Kan hende er ekstasen berre utanfor språket. Kan hende
er det best å la vera å binda
handlinga fast med setningar. Likevel spør eg han idet han kjem
attende frå badet: "Kva vil du
kalla det me nett gjorde?" Han ser på meg med eit skeivt smil,
det
eine augebrynet løfta og ein slapp
penis mellom beina. "Me hadde oss eit raskt og jævlig godt knull."
Kommentarer