Etter spelet

No er
no er 
alt

og det er klart
ein skal vidare i 
natta

gull i glasa

døgnet har eksplodert,
implodert

isdans på
parketten 
under nyslipte
strømpebukser 

sjå hoftene
tolka tidlege
tonar 

høyr han
som søv
på golvet

kviskra om 
morgondagen

finn to sko 
som passar

fly på ørnevenger
heilt til 

fuglen styrtar 
til sengs 


Kommentarer