Forbrukaren

Teksten har tidlegare vore på trykk i Tankar-spalta til Jærbladet. 


Før var me skaparar av det me sjølve trengde for å leva. No er me forbrukarar, som bruker opp det andre har skapt. 

Me får kjensla av å vera på toppen. Dei andre arbeider. Me kjøper. 

Det er rett nok slik at også forbrukaren gjer noko for å tena pengane sine. Men han har klistra på seg forbrukar-identiteten som eit heidersmerke som hever han over arbeidaren. 

Ein forbrukar har som mål å bruka noko nytt heile tida. Tinga forbrukaren bruker, er slike som blir brukte opp, ikkje slike ein har livet ut. Kan hende har materialet tinga er laga av, potensial til å vara lenge og vel. Men skiftande trendar får forbrukaren til å sjå at ting er utgåtte på dato før materien har gjeve etter for tidas tenner. Når tinga er brukte opp, må dei bli erstatta av nye og betre utgåver. 

Denne mentaliteten er enkel å følgja og har brei appell. Forbrukarane forsyner seg grådig av dei avgrensa ressursane på kloden. 

Forbrukarmentaliteten er også øydeleggande i møte med kunsten (som her omfattar meir enn biletkunsten). Kunst på sitt beste skaper noko nytt i hovudet kunsten landar i. Men desse uttrykka krev noko av mottakaren. Når mottakaren helst vil vera ein forbrukar som berre bruker utan å skapa, rettar massekulturen seg etter ordren og genererer daud kultur som ikkje evnar å skapa noko nytt. 

Eg synest ikkje det er så stas å vera ein som bruker opp ting. Eg vil heller skapa.

Kommentarer