Kunsten å bli avvist


1. Oppdag nokon
2. Nærma deg nokon
3. Ha det gøy med nokon
4. Opna deg for nokon
5. Sjå for deg ei framtid med nokon
6. Bli avvist av nokon
7. Bli lei deg/sint på nokon
8. Tenk at du aldri igjen skal nærma deg nokon
9. Overbevis deg sjølv om at du har det fint utan nokon
10. Oppdag nokon
11. Nærma deg nokon
12. Ha det gøy med nokon
13. Opna deg for nokon
14. Sjå for deg ei framtid med nokon
15. Innsjå at du snart kjem til å bli avvist av nokon
16. Avvis nokon
17. Sei unnskyld når du blir anklaga for å ha såra nokon
18. Tenk at du aldri igjen skal nærma deg nokon
19. Overbevis deg sjølv om at du har det fint utan nokon
20. Oppdag nokon
21. Nærma deg nokon
22. Ha det gøy med nokon
23. Opna deg for nokon
24. Sjå for deg ei framtid med nokon
25. Observer at det finst menneske som lar vera å avvisa nokon
26. Tenk at dette også kan gjelda deg og nokon
27. Bli verande hos nokon
28. Bli avvist av nokon

Kommentarer

Halvard sa…
Veldig bra skrevet. Likte godt å lese dette. Kjenner meg igjen i noe av det.